I staden for å få ei gåve i kalenderen på skulen, vil vi leggje vekt på å gi. Elevane kan gjere ein jobb heime, eller dei kan finne andre måtar å tene litt pengar til inntekt for SOS-barnebyer på. Dei kan til dømes pante flasker eller gjere ein jobb for nokon i nabolaget. Då gjer elevane sjølv ein innsats for gåva dei gir. Gåva blir gitt anonymt. Det er frivillig å gi, og det er opp til kvar enkelt å avgjere storleiken på gåva. Greier me å gi like mykje som i fjor? :)
Update your browser to view this website correctly. Update my browser now